Me søkjer kreativ og inspirerande kjøkensjef
Me har nyleg etablert Sogndal sin nye pub i kjellaren på Almenningen 4 i Sogndalsfjøra, Fjøra Pub. No er me i gong med renovering og utvikling av første etasje i bygget. Hovudlinjene for konseptet er satt, men innhaldet kan og skal sterkt påverkast.
Me ser etter deg som ønskjer å bidra i utvikling av konsept, meny og alt som høyrer til drift av eit profesjonelt kjøken. Du vil få personalansvar for kokkane og sjølvsagt vera del av rekruttering av desse. Som kjøkensjefen vår må du vera fleksibel og glad i endringar. Du må sjølvsagt ha erfaring frå tilsvarande stillingar, men det viktigaste for oss er at du er riktig person og at me begge vegar kjenner at dette er riktig match.
Me er konkurransedyktige på løn og tilbyr moglegheita til å vera med å utvikla ein ny serveringsstad, ein ny type restauranthus over to etasjar der Fjøra Pub er eit av konsepta. Me er kjend for korte fristar og treng deg difor rimeleg raskt, søknadsfrist er difor helst i går, men seinast 10. juli. Søknadar vert handsama fortløpande, me ventar ikkje på fristen.
Kontakt dagleg leiar Anniken Teigen (anniken@fjorapub.no | +47 919 15 666) eller styreleiar Erlend Fardal Lunde (mail@erlendflunde.no | +47 464 28 741) for meir informasjon eller om du har spørsmål.
Søknad sender du til post@fjorapub.no
Me ser fram til å møta deg og håpar på eit langt og lukkeleg arbeidsekteskap!