Fjøra Pub held fram med ny leigeavtale

Fjøra Pub kan med glede melde om at me har signert ein ny leigeavtale med Einarsen Eigedom som sikrar fortsatt drift i pubkjellaren. Me avviklar difor matserveringa for godt og det vil koma inn ein ny restaurantaktør i 1.etasje. Fjøra Pub vil ikkje vera involvert i denne drifta, men søke eit tett og godt samarbeid. Lansering av det nye konseptet vil koma frå ny drivar når dei er klare for det.

Frå og med denne veka vil Fjøra Pub ha faste opningstider torsdag, fredag og laurdag frå 21.00 - 02.00. Meir informasjon vil koma fortløpande knytt til framtidige arrangement med meir. 

Me takkar Frode Einarsen og Jan Knut Einarsen for god dialog i forhandlingane og ser fram til eit fortsatt fruktbart samarbeid i framtida.

Kapitalinnhenting

Den nye leigeavtalen dannar fundamentet for langsiktig drift av Fjøra Pub. Me har likevel framleis fleire viktige milepælar som må nås når det kjem til forhandling med leverandørar og gjennomføring av kapitalinnhenting. Me har kome veldig langt med leverandørforhandlingar, og me trur at me kjem heilt over målstreken med leigeavtalen på plass.

Folkeemisjon

Fjøra Pub inviterer som tidlegare informert om med seg folket. MInsteteikning er satt til kroner 2.500 per person. Eksisterande eigarar reduserer sin posisjon vesentleg etter gjennomført emisjon. Av eigarfordeler kan nemnast:

  • Personalpris på drikkevarer

  • Moglegheit til å påverka samlingsplassen i Fjøra gjennom valg til Styret og deltaking på faste eigarmøter.

  • Stoltheit av å vera "pubeigar".

Interesse for teikning kan meldast ved å klikke her!  Per i dag er det motteke teikningar for kr 150.000 der også tilsette i selskapet har teikna seg for aksjepost.

Spleis

På vegne av dei tilsette er det oppretta ein Spleis for å bidra til lavterskel bidrag for å redda det som har blitt ein viktig samlingsplass i Sogndalsfjøra. Gjennom Spleisen kan dei som ønskjer bidra slik:

  • Virtuell øl kr 100

  • Virtuell live musikk kr 150

  • Namn på supporttavle kr 500

  • + fleire andre val

Dersom 1 av 10 innbyggjarar i kommunen bidreg med ei virtuell øl kvar vil det tilsvara kr 120.000.

Spleisen finn du her!

PS! Skulle Fjøra Pub ikkje lukkast på lang sikt til tross for alle viktige milepælar vert spleise øyremerka løn til dei tilsette. 

Spørsmål

Spørsmål kan rettast til Styreleiar Erlend Fardal Lunde, dagleg leiar William Landøy og/eller tillitsvalgt Kristian Sandvik på post@fjorapub.no.

Neste
Neste

Julebord på Fjøra Gastropub